Har du ein liten Birkebeinar i magen?
Hei alle sporty student-krikere!
Sidan interessa for Birkebeinerrennet ser ut til å berre vekse og vekse blant oss i Trondheim, så tar eg no initiativ til å starte SKT - Birken.
Birkebeinerrennet går av stabelen 21. mars. Påmeldinga har starta og påmeldingsavgifta gjør første hopp i prisen 31. november. Meir info finn De på http://birkebeiner.no/renn/
På programmet for SKT - Birken står det forløpig litt fleire treningar utanom den vanlege kondistreninga på tirsdagane, teknikkurs på snø når den tid kjem, smørekurs, og kanskje ei treningssamling eller to;-)
I tillegg kan eg nevne at ei gruppe studentkrikere i Bergen også er ivrige... vi skal vel vise dei kven som er best???
Så da håper eg at mange er vorte gira på å bli med og på den måten skaffe seg eit treningsmål for vinteren. Eg føler i alle fall eg treng noko å trene fram imot.
For å få litt oversikt ønskjer eg derfor at dei som hiv seg med seier i fra til meg på e-post: kristoffermageroey@hotmail.com
Viktig å understreke at dette er for alle, uansett form, så lenge du har eit mål om å fullføre dei 54 kilometrane over fjellet fra Rena til Lillehammer.
Treningshelsing frå Kristoffer Magerøy
Meir info om birken
< Tilbake!
|