Vil du ha ansvar?
Kan du tenkje deg å få litt ansvar i Student-KRIK Trondheim?
Student-KRIK Trondheim har vokse seg til ein stor organisjasjon, og dette er kjempebra!
Med store organisasjonar kjem det også mykje arbeid. I SKT er vi heldige, og har mange som er med å hjelpe med treningar, turar og sosiale arrangement. Likevel treng vi fleire folk!
Har du framleis ikkje engasjert deg i SKT? Dersom du kan tenkje deg å få litt ansvar, så sei ifrå:) Av erfaring får du meir igjen enn det du må gi!
Vil du vere å hjelpe til med treningar, sosiale arrangement, turar eller at du rett og slett meldar deg som ei potet, så finn vi gjerne ein plass til deg!
Send ein e-post til ein i styret, så ordnar vi noko. Vi håpar at du vil engasjere deg i SKT!
Mail til styret
< Tilbake!
|