Kva er KRIK?
...på landsbasis?
- Kristen Idrettskontakt er ein landsomfattande organisasjon som gir tilbod om eit miljø til kristen idrettsungdom.
- Samstundes har KRIK som mål å vinne nye kristne gjennom idretten.
- Tilbyr medlemsblad (KRIK-Nytt), diverse samlingar, kurs og festivalar.
- Undergrupper er KRIK Villmark, Global-KRIK og KRIK ski-team.
- Stifta 1981
...i Trondheim?
- Student-KRIK har omlag 150 medlemmar, både aktive idrettsfolk og mosjonistar.
- Eit kristent tverrkyrkjeleg felleskap som dei fleste kan føle seg heime i.
- Eit godt miljø, spennande turar og eit variert sportsleg tilbod, fritt for prestasjonskrav og konkurransepreg.
Du treng ikkje å rekne deg som kristen for å trene med KRIK. Alle er velkomne på arrangementa våre!
Student-KRIK Trondheim har som mål å:
- skape idrettsglede!
- spre Guds ord!
- gi eit positivt miljø!
< Tilbake!
|